Ny motor

Rappen må ut

Etter 65 års teneste ville ikkje Rappen starte, da me skulle på fisketur til Utvær, i september 2004. Start lufta gjekk rett gjennom, enten sylinder eller stempel. Avgjersla om å skifte motor vart tatt ganske kjapt. Ternen vart gjort klar for vinteropplag, og lagt på Mattishamna. Vinteren vart brukt til å handle inn ny motor, og valget falt på ein 1004 Perkins på 104 hk. Avtale vart gjort med Lågøy slipp, og i slutten av mars vart Rappen tatt ut, og Perkins`en satt ned etter ein grundig reingjering. Me slepa så Ternen til Lågøy, dar me før motorskiftet monterte nye kjølbolter, og ny stålkjøl med ei bunnplate på 20 mm, og ei samla vekt på ca 400 kg, og i tillegg ein flaps/ slingrekjøl under stilken. Nytt propellanleg og hylse. Vart og montert ei hydraulisk styremaskin. Alt arbeid tok ca 2 mnd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *