Oppussingsarbeidet

Mykje har vorte gjort etter at fam Roald Skår tok Ternen i sin eigedom.

Ternen vart satt på heimelaga slipp. 2. etasje vart brukt til verkstad.

Etter nokre år med lekasje i dekk, var grensa nådd når dråpane trengde ned til mi hovudpute.  Eg ville selje Ternen, men da gutane kom med komentaren: selje Ternen? aldri i livet. Da måtte eg og konemor gå i tenkjeboksen. Og etter å ha diskutert med Ernst Vos, og gjort avtale med han, vart det beslutta å skifte alt dekk, alle rekkestøtte og fortøyningspollerta. Ei stor utfordring låg framfor oss. Så etter at me var ferdig med å restaurere den raude bua i 2000, leigde me mobilkran frå Førde og sette skøyta på land i august 2000.

Ernst vos skifter 1 stk rekkestøtte og noko hud.

Matrialkjøp innebar alltid mykje arbeid. Først til Bergen med bil og hengar for innkjøp, og så var det å få nokon til å høvle. Ein vindfull dag på vei heim frå Grønevik, klarte eg av alle ting, å vrengje ein 30.hk Yamaha av speielen. Då var det bare å sette seg til årane og ro heim.  På dekk og roffdekk vart da brukt 2 lag med a 16 mm finèr som vart limt sammen med West system epoksy.  Oppå finèren vart det limt på 65 mm breie og 11 mm tjukke stavar, som vart skorne av 3″ x 8″ Svensk malm furu planker. Alle furustavane er skore slik at alle årringane står vertikalt, for å  få minst muleg bevegelse i materialet.  Skanndekk eller ytterdelen av dekk er snitta av 2 » Amerikansk eik. Alt limt fast med epoxy og kilovis med rustfrie skruar.  I natene er det for det meste brukt epoxy iblanda grafitt.

Ernst og Roald skifter hud. Øverste hudplank er 2" Amerikansk eik

Roald og Ernst skifter hudplank. Noko hud, alle rekkestøtter, pollerta, nokre dekksbjelka og alt dekk vart skifta

 

 

 

 

 

 

 

 

Ernst

 

 

Ernst og Maria Vos ombord i seglaren som dei sjølv hadde heilrestaurert, og brukte på sine mange ferieturer bl.a. på Norskekysten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *