Historie

Knut`n hadde lånt sjarken til Johannes`n og stod for slepinga frå Bakervågen til Korssund

Det me veit om Ternen er at det er ei Risøyskøyte, som er bygd i 1949, på sørlandet, som reketråler, og hadde ein 17 – 22 hk rapp semidiesel som var laga i Oslo i 1939.
Skøyta vart ombygd til lystbåt i slutten av 70 åra, av Arvid Søndeland, som da hadde båten i  7-8 år før han solgte ho til Odd Hilton i Bergen i 85.

Me kom over båten då me var på ferietur på Askøy, sommaren 1990, og hadde oss ein svipptur ned i Bakarvågen.

Brukte ei stund med overtaling på konemor før da vart kjøp.  Ho synst det såg rysje ut, og det gjorde det og.

Men ho vart slepa til Korssund, der me fekk start på Rappen, før me gjekk til Lågøy for slipping.  Og da starta me med ei storstilt oppussing

Etter att Knut hadde sveist på att eksosrøyret, og sett over alle lagra, vart det starta opp. Den 17 hk-22hk store Rappen frå 1939, med bl.a. anna ny sylinder i 71, starta fint og gjekk flott.  Men papin synst aldri noko om Rapp, men var alltid begjelpeleg når da var noko som måtte fiksast

Knut har fått start på Rappen

Papin me hendlane

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *