Fisketur til Loftheimsgrunnen august 2011

Ein fin sommarkveld første dagen i august 2011 drog tre fiskeglade herrar (Roald, Richard og Olav Aleksander) ut med Ternen for å prøve fiskelykken på Loftheimsgrunnen. Olav Aleksander frå Hardanger er ein sjøvant person som tidlegare har segla over atlanteren, men «havfiske» har han ikkje prøvd før.
Vi drog ut for å dra opp storfisk, men den får vente til nest gong då det var overfylt med pale (små sei) der ute. Når vi kom ut vart det fisk på kroken etter kort tid. Vi kunne dra opp pale så mykje me orka, og ofte 4-5 i slengen (kjennast ut som storfisk 🙂 ). Det vart også nokre torsk, lyr og pigghå.
Etter nokre timar med fiske, nesten full stamp og godt fornøygde fiskarar, navigerte vi skøyte mot øst og heim igjen. Richard og Olav Aleksander sløygde fisken og mata måken (kunne nesten mate den frå neven), mens skipparen tilberedte nykokt pale med poteter og smør. NAM!

Nyt bilda frå turen ved å fylgje denne lenkja.

Publisert i Uncategorized | Skriv en kommentar

Heimeside for Risørskøyta «Ternen»

Dette er heimesida for den 34 fot store Risørskøyta «Ternen»

Sida er fortsatt under utvikling så det er berre å smøre seg med tolmodigheit så vil det komme meir av bilder, historie og turar.

Ternen ved kai i Korssund. Bilde av Runar Gjelsvik

Publisert i Uncategorized | 3 kommentarer